Kjære alle saman!
gå mine ord, gå
modig, gå verdig
gå gjennom murar
gå gjennom tak, gå
utan reglar, gå utan redsle
syng blodet, syng sveitta
snakk sant, snakk ekte
gå mine ord, gå
til dei fortapte, gå
til dei som blei myrda fordi dei
opna munnen, gå mine ord
lag bråk, lag ståk
lag lyd, lag leven
gå mine ord, gå
med tempo, gå med tålmod
tal mot dei fanatiske
tal mot dei fantasilause
tal opent, tal klokt
gå mine ord, ver ein flamme
ver ein storm, ver ein vind
gå mine ord, gå
tekst av Frode Grytten
Korleis står det til med det frie ordet? Kva er ståa for demokratiet? Kva fortel talarstolen når festen er over og ståket har lagt seg?
Kjensla av at noko er i ferd med å gå tapt sendte fotograf Erlend Berge ut på ei reise gjennom Noreg på jakt etter «det store oss» og «det vesle me». Kven var me eigentleg? Kor var me på veg? Kvar er me eigentleg no?
I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar og rom i den norske offentlege samtalen. Trontalen, Kongens nyttårstale, første skuledag, nedlagde rådhus, innspelingsrommet til podkasten «Sophie & Fetisha», bortgøymde talarstolar og 17-mai-pynta ungdomshus. Bileta dokumenterer dei store folkebevegelsane som forma og framleis former Noreg.
Det er ingen menneske i bileta, men det er spor av menneskelege draumar og store ord. Kjensla av at noko vedunderleg skal skje, at det må skje. At noko må seiast. At dører skal opna seg og talen skal springa ut; Kjære alle saman!
Med fotoboka «Sjå, eg kjem snart!» fortalde Erlend Berge historia om bedehusa og ei landsdekkande rørsle som var i ferd med å forsvinna. Prosjektet vann Open klasse i Årets bilete, antatt Haustutstillinga og utstilt i mellom anna Fotografiens hus i Oslo, Bomuldsfabriken i Arendal, Perspektivet museum i Tromsø og Haugesund billedgalleri.
Kjære alle saman vann Dokumentar Norge i Årets bilde.
Fotoboka «Kjære alle saman!» med tekstar av Frode Grytten kjem hausten 2024.